Loading…
Data-SKUP 2021
Attending this event?
Back To Schedule
Saturday, October 16 • 11:40 - 12:40
Norges største samarbeidsprosjekt

Sign up or log in to save this to your schedule, view media, leave feedback and see who's attending!

Våren 2021 lagde nær 70 lokalaviser og NRK journalistikk om flyttemønster i Noreg, og om konsekvensane av kvar folk vel å busette seg. «Den store folkevandringa» var eit samarbeid mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK, og er det største journalistiske samarbeidsprosjektet så langt i Noreg. På Data-Skup vil dei fortelje korleis dei fekk til å publisere over 600 saker basert på felles research, og kva dei lærte av å samarbeide om undersøkande datastøtta journalistikk. 

Speakers
avatar for Kristine Holmelid

Kristine Holmelid

Reportasjeleiar, SUJO
Kristine Holmelid har 25 års erfaring som journalist og nyhendeleiar, og jobbar som reportasjeleiar ved Senter for undersøkende journalistikk (SUJO). Ho underviser også ved masterutdanninga i undersøkande journalistikk ved Universitetet i Bergen. 
avatar for Øystein Øygarden

Øystein Øygarden

Redaktør, Vest-Telemark blad
Øystein Øygarden er frå Åsgrend i Kviteseid. Har arbeidd i Vest-Telemark blad sidan 2003, og vore redaktør sidan 2014. Han er styreleiar i Landslaget for lokalaviser. 
avatar for Bergit Sønstebø Svendseid

Bergit Sønstebø Svendseid

Journalist og vaktsjef, NRK Vestland
Bergit Sønstebø Svendseid har vore prosjektleiar for «Den store folkevandringa». Ho er til vanleg journalist og vaktsjef i NRK Vestland, avdeling Bergen. 


Saturday October 16, 2021 11:40 - 12:40 CEST
Athene 2

Attendees (1)